Heilmaraton
Maraton (42195 m) startar på E39 sørvest for Hornindal omsorgssenter – og held fram langs gang- og sykkelvegen til Hornindal Idrettspark. Fram til målstreken utgjer dette 2195 meter. Deretter blir det fire gongar tur/retur Otterdal (på nordsida av Hornindalsvatnet). Avstanden frå idrettsparken til snuing Otterdal tur/retur utgjer 10 km.
Løypa går i hovudsak på fast dekke – med unnatak av eit lite parti ved vending i Otterdal. Traseen er lett kupert, men for det meste flat.
Halvmaraton
Halvmaraton (21097,5 m) startar på gang- og sykkelvegen sør for Hornindal kyrkje og held fram til Hornindal Idrettspark. Fram til målstreken utgjer dette 1097,5 meter. Deretter to gongar tur/retur Otterdal
10 km Maraton
10 km Startar på målstreken og deretter ein gong tur/retur Otterdal.
Minimaraton
Minimaraton (4219,5 m) startar i søndre sving på Hornindal Idrettspark. Etter 150 meter går løypa ut maratonporten – deretter på gang- og sykkelvegen mot Grodås – og vidare forbi Anders Svor Museum. Deretter ca. 30 m langs E39 før løypa svingar til venstre forbi Hornindal omsorgssenter, gjennom bustadfeltet Urene – og tilbake til sentrum. Deretter langs gang- og sykkelvegen tilbake til Hornindal idrettspark.